Om oss

Valborg Elisabeth Gimmestad
Fødd: 5. April 1986
Kjem frå: Sandane i Gloppen
Gjer på: Medisinstudent på 3. året

Kjetil Mardal
Fødd: 9. Juni 1980
Kjem frå: Sandane i Gloppen
Gjer på: Jobbar som prosjektingeniør i Solberg og Andersen

Dagen vi giftar oss har vi vore også 93 månedars jubileum!  (dvs 7 år og 9 mnd)
Her er litt kort fortalt om livet vårt ilag til no:

17.oktober 2010 – Dagen vi vart eit par
Vi traff kvarandre natt til 17. mai 2002. Det innleda til ein sommar då det flagra X antall tekstmeldingar mellom telefonane våre… Til tider var det nokså turbulent stemning mellom oss, og det såg ei stund ut som at det ikkje skulle bli oss to.  Hausten kom med sine kjølege drag i lufta. Men telefonane våre holdt framleis koken og kjenslene våre bar preg av same temperatur! 17. oktober 2002 skulle vise seg å bli vår magiske dato. Då fekk Kjetil ENDELEG fingeren ut (etter at Valborg var lei av kun teksting og gav han eit ultimatum..) Han inviterte Valborg med på ein romantisk date i haustmørket.. Tekstmeldinga sa at han skulle ta ho med til ein spesiell stad der han aldri hadde tatt med ei jente før. Gjett om 16 år gamle Valborg var spent då ein sølvgrå Renault 19 kom køyrande opp på tunet (vi vil tru foreldra til Valborg var minst like spente då ein 6 år eldre type kom for å hente dottera!) Turen gjekk opp til Veslevatnet. Eit lite paradis der eit vatn ligg omkransa av ein vakker natur. Frodig skog og fantastiske fjell.










Veslevatnet

Men dette er ein kjend stad for alle i bygda. Staden Kjetil skulle vise Valborg vil vi ikkje avsløre kvar er, men den ligg inne i skogen. Der har Kjetil laga til med bl.a. ei demning og ein hul trestamme som sitteplass. Ut av trestammen drog Kjetil ei flaske rødsprit som han brukte til å tenne opp fakkelen han hadde laga: Ein gammal ananasboks spikra opp i treet ved sidan av!! ?Romantisk?. Vi merka knapt at det elles var ein ganske kjøleg haustkveld! Heime på tunet igjen vart vi sittande lenge i Renaulten å prate…etter kvart tok Kjetil hintet, og gav meg eit kyss! Sidan den kvelden har datoen den 17. alltid vore ein spesiell dato i kvar einaste månad!

Livet i lag til no..kort oppsummert!
Det første året vi var i lag jobba Kjetil i Stryn og Valborg gjekk 1. året på Firda VGS på Sandane. Vi hadde derfor mulighet til å møtest hyppig og nyte nyforelskelsen i lagJ Men året etter begynte Kjetil på skule i Trondheim, slik at vi hadde avstandsforhold i 2 år, til Valborg var ferdig på VGS. Då flytta ho etter (for å studere kjemi), og vi budde i lag i Trondheim i ett år. Det var fantastisk! Iløpet av dette året forlova vi oss! No var Kjetil ferdig ingeniør. Sidan vi begge er heimkjære, så bestemte vi oss for å flytte til Bergen, sidan Valborg kunne fortsette studiane sine der. Når Kjetil også fekk seg jobb, så pakka vi i hop! Til hausten har vi budd i Bergen i 4 år! Valborg har starta på medisin og er komt på 3. året. Kjetil har vore trufast mot jobben sin alle åra. Hausten 2009 var ein spesiell haust vi aldri kjem til å gløyme. Vi var på reise i lag i 2 månedar då vi såg oss om i Sør-aust Asia, Australia og Fiji. Ein magisk tur!!!

Frieriet
Vi planla frieriet i lag. Sidan 17. allereie var ”vår dato” stod det kun om å finne den passelege månaden! Valget fall på 17. April 2006, som dette året fall på 2. påskedag. I tillegg hdde vi 3 ½ årsjubileum denne dagen! Eit anna viktig poeng med denne datoen var at vi då var heime på påskeferie (vi budde i Trondheim). Frieriet skulle nemleg utførast der ”eventyret starta”: på Veslevatnet, ved demninga i skogen.
Vi fall for enkle ringar i gult gull, med inngravert navn og dato. Påska vart lång dette året…men endeleg kom dagen! Eller...kvelden før dagen! For sidan vi skulle reise opp igjen til Trondheim på kvelden 2.påskedag, så bestemte vi oss for å sette ringane på kvarandre idet klokka bikka midnatt.. Dermed ville vi ha heile 2.påskedag til å ”vise oss fram” J
Tidlegare på dagen (16. april) ordna Kjetil med litt effektar: Champagne, glass, fakklar og, ikkje minst -  rødsprit, vart plassert i den hule trestammen ved demninga. Seint på kvelden kom han og henta Valborg. Ingen stillte spørsmål ved at klokka var nærmare 23.00!! Vi var ikkje så heldige med været…det var kaldt, og i tillegg regna det ganske heftig! Men det ordna Kjetil ved å plassere paraplyen oppe i grantrea rundt oss, slik at vi hadde tak over oss! Vi tende fakklar, inkludert ananas-boks-fakkelen til Kjetil (med rødspriten så klart!). Vi laga til og med eit lite bål i regnet! Sjølv om Valborg visste kva som skulle skje, så var ho veldig spent når klokka viste over midnatt… Kjetil gjorde jobben sin som ein gentleman: Han gjekk ned på kne og fridde! Og sjølvsagt svarte Valborg ja!! Det var ein uforgløymeleg og fin augenblink! Vi sette ringar på kvarandre og spratt champagnen. Vi drøya det ikkje så lenge før vi tok natta, både pga vèret, men også det at det faktisk var natta! Men det var ein fantastisk, romantisk og minnerik kveld!















Morgonen etterpå var vi tidleg oppe. Herdis (mor til Kjetil) skulle nemleg på jobb, og ho måtte jo få vite om den store nyheten før ho reiste! Litt forundra var ho då vi kom opp på kjøkenet i 7-tida om morgonen.. Men det tok litt tid og hinting til før ho såg ringane. Då vekte ho resten av huset…det vart tatt godt i mot med andre ord!! J Etterpå brakte vi nyheten vidare heim til meg. Der vart frukosten brått avbrutt med jubel og gledestårer!